»Elbaussicht« Krippen - individuelle ferieleilegheiter for din ferie i Elbsandsteingebirge (Det Saksiske Elbe Sandsteinfjellet)
|
Får vi lov til
å presentere ferieleilegheitene »Elbaussicht«
i Krippen i Bad Schandau kommune for deg? Ferieleilegheitene våre
ligg midt i Elbsandsteingebirge 3 mil søraust frå den
kjente saksike hovudstaden: Dresden. Området er kjent som Den
Saksiske Sveits.
|
|
»Elbaussicht« Krippen
|
Nyt den panoramautsikta på den historiske bygda Postelwitz med dei ”Sju brør husa” og ”Schrammsteine”, Lilienstein"
og "Winterberg" for å nemne nokre av dei mest kjente fjell. På elven Elbe kan ein sjå på båtane og
dei historiske dampbåtane. Dei fleste av dei er over 100 år gamal.
Oppdag den vakre Bøhmiske og Saksiske Sveits. Slapp av på
spaserturar, småturar eller vandringar som startar rett framfor
døra. Det er kort avstand til offentleg kommunikasjon og både
buss, båt og tog har haldeplassar ikkje langt unna.
”Elberadwanderweg” er ein lang sykkelstig langs elven
Elbe som også kan brukast av turgåarar. Også
"Caspar-David-Friedrich-Wanderweg" går forbi huset
vårt. Den er ein turveg som fekk namnet sitt etter ein kjent
kunstmalar og er knyta til ”Malervegen” ein anna turveg
som leiar på 11 mil gjennom dei vakraste plassane i
Elbsandsteingebirge.
Om du leier ei ferieleilegheit hos oss kan du planlegge ei individuell
ferie. Du er heilt sjølvstendig men med servicetilbodet av eit
større hus.
»Elbaussicht« er eit hus med 9 ferieleilegheiter i forskjellig størleik for
1 til 5 personar.
 | Stue og soverom (i dei minste leilegheitene som hybel i eit rom) |
 | Eit lite kjøkken med komfyr, kjøleskap, mikrobølgjeomn, toaster, bord og stoler. |
 | Dusj /do med hårtørkar og smikesegl |
 | Satellitt - TV og radio |
 | Tilgang til internett med opp til 6 MBit/s i alle leilegheiter |
Prisen
for ein heil ferieleilegheit er frå 32 € til 58 €
avhengig av størleiken, lenda av opphaldet og sesongen. Prisen
inkluderar handkle, sengeklede og meir. Barn under 14 som deler
leilegheit med foreldra er gratis.
Eit lite kafé med terrasse som er opent frå kl. 14 til 18 er
ein del av huset vårt som gjestane våre få har
tilgang til også utanfor opningstida. Frå frukost
morgonsola til ein kveld med stearinlys og eit glas vin på
terrassen at med elva. Det er lagt opp for mange hyggelege minner.
Du kan kome til oss med fly og tog via Berlin, Dresden eller Praha og om du kjem med kan vi reservere ei garasje på tomta for deg (den
må diverre ordnast i førevegen).
Vi har også gratis avlåst parkering for syklar. Vi har liggestolar,
badstue, bordtennis og Satellitt-TV på plass for deg og om du skulle bli sveitt på ein tur finns det også vaskerom med
vaskemaskin og tørketrommel for dine klede. For barn er det berre nokre få meter til nærmaste leikeplass.
Som tileggstilbod har vi også direkte (ikkje trådlaus) DSL - tilgang til nettet med opp til 6 MBit/s.
Eit lite bakeri tilbyr levering av ferske rundstykke og brød kvar dag frå måndag til laurdag.
Drikkevarar kan også leverast direkte til huset.
Vi har eit lite kontor i huset slik at du kan få informasjon om bygda, turistattraksjonar, turar, trafikk og offentleg kommunikasjon
hos oss. Vi kommer til å hjelpe deg så godt vi kan slik at feriane i Elbsandsteingebirge blir uforglømmeleg. Om skulle
dukke opp problem? Vi er der for å hjelpe deg.
Er du klar for ferie i Elbsandsteingebirge i Saksen i Tyskland? Har du spørsmål? – Berre ring!
Med dei beste helsingane
Ferieleilegheitene »Elbaussicht« i Krippen
Claus Schirmer
|
|